Trondheim

Trondheim
Tråante
by
Flagg
byvåpen
Land  Noreg
Fylke Trøndelag
Kommune Trondheim
Areal 59,29 km²
Folketal 196 948  (2016)
Folketettleik 3 322 / km²
Ordførar Kent Ranum (H)
 •  Varaordførar Erling Moe (V)
Innbyggjarnamn trondheimar, trondhjemmar
Preposisjon i Trondheim
Kart
Trondheim
63°26′N 10°24′E / 63.44°N 10.4°E / 63.44; 10.4
Wikimedia Commons: Trondheim
Nettstad: www.trondheim.kommune.no

Trondheim (sørsamisk Tråante[1]) er ein by og administrasjonssenteret i Trondheim kommune i Trøndelag fylke. Byen ligg kring munningen av Nidelva og er den tredje største byen i Noreg med 207 015 inbyggjarar (per 1. oktober 2020).[2]

Byen vart ifølgje sagaforteljingar grunnlagd av Olav Tryggvason i år 997, og var hovudstad i Noreg mellom 997 og 1217. I 1997 feira byen tusenårsjubileum.

Trondheim er sete for fylkesordføraren i Trøndelag fylke og er eit etablert regionsenter for Trøndelag. På Tyholt ligg distriktskontora til NRK. Byen har det nest største universitetet i Noreg; Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) og fleire vidaregåande skular. I Trondheim ligg Nidarosdomen, Kristiansten festning, St. Olavs hospital og Rockheim. Gråkallbanen i byen er den einaste noverande trikkelina i Noreg utanfor Oslo og Bergen.

  1. «Samisk namn på Røros og Trondheim», Regjeringa.no (Kommunal- og distriktsdepartementet), 9. september 2022, henta 9. september 2022 
  2. SSB kommunefakta for Trondheim

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne