Tsodilo | |||
Land | Botswana | ||
---|---|---|---|
Tsodilo 18°46′18″S 21°45′15″E / 18.771666666667°S 21.754166666667°E | |||
Wikimedia Commons: Tsodilo |
Tsodilo er ein verdsarvstad i Kalahariørkenen, i Ngamiland nordvest i Botswana. Han omfatter fleire tusen bergmåleri og spor etter menneske og menneskeåtferd frå 100 000 år sidan og fram til våre dagar.
Tsodiolo-området er rundt 10 km² stort og omfattar over 4 500 måleri. Området blei teke med i UNESCO-verdsarva i 2001.
Åsane er heilage for sanfolk som bur i området, som har mange soger knytte til det. Mytene deira fortel at dei blei skapt av ein pytonslange, som også laga spor i Tsodilo-landskapet. I 2006 fann Sheila Coulson frå Universitetet i Oslo dei eldste kjende spora etter menneskelege ritual i ei åshóle — ein utskoren pytonslange som ho meiner reiskapar har vore ofra til for 70 000 år sidan.