Tun

Denne artikkelen handlar om hus- eller gardsamlinga. For tettstaden i Sverige, sjå Tun i Sverige.
Graskledd tun ved Riddergården i Hønefoss.
Foto: Tom Bjørnstad, 2007
Ivar Aasen-tunet er ein bruk av tun-omgrepet.
Foto: Andreas Vartdal, 2008

Tun er opphavleg eit romleg omgrep som kjem av samlinga av hus ved ein eller fleire gardar, eller inngjerding av eit tilstøytande område. Tun som romleg skildring nyttast oftast der bruksbygningane ved ein eller fleire gardar står så tett at det dannar eit romleg fellesskap.

Eit tun kan ofte ha oppstått dersom ein større gard vert oppdelt ved arveskifte, eller der bønder samlar gardshusa sine på ein stad for å oppnå driftsfordelar. Ved vestnorske fjellsider er sam-lokaliseringa ikring felles tun ofte gjort for konsentrere bustader der ein ligg skjerma frå ras, og for å unngå å ta opp meire dyrkbar mark enn det som er nødvendig. I Trøndelag var det vanleg med lukka firkanttun.[1]

I moderne tider vert omgrepet òg brukt om andre bygningar samla rundt ein plass, til dømes «helsetun». Nokre døme på namngjevne tun er Agatunet, Havråtunet og Ivar Aasen-tunet.

  1. Trøndertunet; tronderskbyggeskikk.no

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne