Tustna

Tustna
Satellittbilete av Tustna frå NASA. Øya Tustna er den store øya til venstre i biletet. I søraust ser vi Stabblandet, rette nord for Stabblandet ser vi Solskjelsøya, og den litle øya lengst i vest er Golma.
Satellittbilete av Tustna frå NASA. Øya Tustna er den store øya til venstre i biletet. I søraust ser vi Stabblandet, rette nord for Stabblandet ser vi Solskjelsøya, og den litle øya lengst i vest er Golma.
Geografi
Stad Nordmøre
Koordinatar 63°07′07″N 07°49′02″E / 63.11861°N 7.81722°E / 63.11861; 7.81722

Areal 87,54 km²

Høgaste punkt Skarven (896 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Møre og Romsdal

Tustna er namnet på ei øy og ein tidlegare øykommune på Nordmøre i Møre og Romsdal som 1. januar 2006 blei slegen saman med Aure kommune. Tustna er særleg kjend for variert natur og eit dyreliv som mellom anna inkluderer ein solid hjortestamme og mykje havørn. Folk som kjem frå Tustna blir kalla tustningar.

Kommunevåpenet til tidlegare Tustna kommune.

Ved kommunesamanslåinga var Tustna den minste kommunen i Møre og Romsdal i folketal, etter å ha veksla på denne posisjonen med Stordal kommune sidan slutten av 1990-talet. Den tidlegare kommunen Tustna inneheld øyane Tustna, Stabblandet, Golma og Solskjel, og i tillegg mange mindre øyar og holmar. Tidlegare inkluderte kommunen òg dei fleste gardane langs vestsida av Ertvågsøya. Tustna grensa til Smøla i nord, resten av Aure i aust, Halsa og Tingvoll i sør og Frei og Kristiansund i vest.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne