Valestrand

Valestrand
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Sveio
Folketal ca 780  (2023)
Postnummer 5554 Valevåg
Preposisjon i Valestrand
Kart
Valestrand
59°40′26″N 5°28′01″E / 59.674°N 5.467°E / 59.674; 5.467
Wikimedia Commons: Valestrand, Sveio
Valestrand kyrkje
For Valestrand på Osterøy, sjå Valestrandsfossen.

Valestrand er ei bygd i Sveio og ein tidlegare kommune i Vestland. Valestrand er ei halvøy som ligg nord for Førdespollen, heilt nord i Sveio kommune.

Busetnaden i Valestrand er for det meste spreidd, bortsett frå to byggjefelt i Valevåg og på Tittelsnes. Fram til 1997 var bygda delt i to skulekrinsar, med Ørevik skule og Einstabøvoll skule. Dei er no slegne saman til Valestrand skule, som førebels held til i skulebygget til tidlegare Einstabøvoll skule.

Valestrand kyrkje vart sett opp i 1873 og står ved Ulvaråker.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne