Vasskraftverk

Prinsippet for eit vasskraftverk A = vassmagasin, B = kraftstasjon, C = turbin, D = generator, E = inntaksregulator, F = vasstunnel/røyr, G = transformatorstasjon/kraftline, H = tunnel eller vassdrag

Eit vasskraftverk er eit kraftverk som omformar den statiske energien lagra i eit vassmagasin (feilaktig kalla «vasskraft») til elektrisk energi. Vatnet vert leidd gjennom røyr, tunnelar og sjakter frå magasinet til kraftverket. Vatnet i røyra har stor fart og den statiske energien som er lagra i vassmagasinet går over til dynamisk energi i røyret før den når turbinane. Turbinane omformar den dynamiske energien i vatnet til mekanisk rotasjonsenergi, som driv elektriske generatorar, som omformar den dynamiske rotasjonsenergien til elektrisk energi. Nemninga kraftverk er missvisande, etter som det ikkje er kraft, men energi som vert omset frå ei form til ei anna.

Den potensielle energien i vassmagasinet kjem frå vatn som har fordampa frå havet og falle som nedbør i fjella. Det er energien frå den elektromagnetiske strålinga (ljoset) frå sola som fører til at vatnet fordampar. Denne stammar i sin tur frå kjernereaksjonar i solkjernen. Krinslaupet til vatnet vert kalla det hydrologiske krinslaupet.

Det er meir enn 45 000[1] – 50 000 demningar med høgd over 15 meter i verda,[2] og talet på vasskraftverk kan vere om lag det same. Ikkje alle demningar er knytte til kraftverk, og det finst vasskraftverk som ikkje får vatn frå demning. Om lag halvparten av elvane i verda er oppdemma.[3]

  1. Tehri Hydro-Electric Project Arkivert 2013-07-31 ved Wayback Machine. – Thomas Langkamp, Universität Hamburg, 3.mars 2008.
  2. Black, Maggie og Jannet King: The Atlas of Water, Earthscan 2009, side 36.
  3. Tehri Hydro-Electric Project Arkivert 2013-07-31 ved Wayback Machine. – Thomas Langkamp, Universität Hamburg, 3.mars 2008.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne