Vatn

Denne artikkelen handlar om det kjemiske stoffet. For den geografiske formasjonen, sjå innsjø.
Vatn


Kjemisk formelH₂O
Atommasse18,010564684 atommasseeining
Smeltepunkt0,002519 grader celsius, 0±0,002 grader celsius
Kokepunkt99,9839 grader celsius
SI-einingar & STP er brukt om inkje anna er oppgjeve

Vatn er eit kjemisk stoff som finst nesten overalt på jorda og er naudsynt for alt kjent liv. Vatn har ein særskild eigenskap som gjer at det kan vera i alle dei tre naturlege faseovergangane: Vatn finst i dampform i lufta, i flytande form i livsformene på jorda, i vatn, i elvar og hav, og i fast form som is eller snø i kalde område.

Om lag 70 % av overflata på jorda er dekt av vatn, det meste er i hava, og berre 2,5 % av alt vatn på jorda er ferskvatn.[1] Mindre delar vatn finst elles som grunnvatn (1,7 %), i isbrear og innlandsis, særleg i Antarktis og på Grønland (1,7 %), og i jordatmosfæren som vassdamp, skyar og nedbør (0,001 %).[2][3][4]

  1. «Competing for Clean Water Has Led to a Crisis», Environment (på engelsk), 26. januar 2010, henta 20. september 2022 
  2. Gleick, P.H., red. (1993). Water in Crisis: A Guide to the World's Freshwater Resources. Oxford University Press. s. 13, Table 2.1 "Water reserves on the earth". Arkivert frå originalen 8. april 2013. 
  3. «Water Vapor in the Climate System». Special Report, [AGU], December 1995 (linked 4/2007). Arkivert frå originalen 20. mars 2007. 
  4. «Vital Water». UNEParchiveurl=https://web.archive.org/web/20090708023755/http://www.agu.org/sci_soc/mockler.html. Arkivert frå originalen 8. juli 2009. Henta 3. mars 2019. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne