Vegusdal

Vegusdal
stad
Land  Noreg
Kart
Vegusdal
58°34′45″N 8°08′44″E / 58.579166666667°N 8.1455555555556°E / 58.579166666667; 8.1455555555556
Vegusdal kyrkje

Vegusdal er ei bygd og ein tidlegare heradskommune i Aust-Agder. Heradet hadde ei flatevidd på 325,1 km². Landskapet er prega av fleire større nord-sør-gåande elvar, så som Tovdalselva, Hovlandsdalsåna/Flatelandsåna, Engelsåna, Rettåna og Skreerosåna, som lagar større vatn. Kring vatna er store myrar med skogkledde åsar og nakne heiar. I alt er det kring 525 vatn i bygda. Berggrunnen er mest gneis, jorda er både sandblanda moldjord og myrjord. Høgste punktet på 660 moh ligg i nord, lågaste punktet er kring 140 moh.

Årsnedbøren er 1196 mm, middeltemperaturen 5,2.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne