Vest-Telemark Blad

Vest-Telemark Blad
TypeLokalavis
Org.nummer925545872
Grunnlagd2. Juli 1973
SpråkNynorsk
HovudkvarterKviteseid
Nettstadhttps://vtb.no (nynorsk)

Vest-Telemark Blad er ei avis som vert gjeven ut i Kviteseid i Telemark. Ho kom ut fyrste gong i 1973, og dekker kommunane Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Tokke og Vinje. Avisa blir skriven på nynorsk. Ho kjem ut tre dagar i veka; tysdag, torsdag og laurdag.

Ho er partipolitisk uavhengig, men blei på 1970-talet i enkelte miljø kalla «Vesle-Pravda». Redaktør Knut Espelid seier: «Ein viktig grunn til oppnamnet var nok at korkje folk flest eller lokalpolitikarane i regionen var vane med å ha ei kritisk presse så nær seg. Det som kom fram i avisene t.d. frå politisk behandling før VTB kom, var reint refererande – avisene hadde gjerne ein «referent» i kommunestyremøta.»[treng kjelde]

Vest-Telemark Blad fekk tidleg tilnamnet «Vest-Telemark Ark», av di avisa berre var eitt ark (Dvs. eitt trykkark, fire sider i fullformat.) Frå 9. november 1979 kom VTB i tabloidformat, og dermed fleire sider. Frå då forsvann namnet «Vest-Telemark Ark» sakte men sikkert. No produserer avisa i snitt 56 sider i veka. Tilnamnet «Veslebladet» heng likevel med.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne