Volda kommune

Volda kommune
kommune
Kommunelogo
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Adm.senter Volda
Areal 876,87 km²
 •  land 834,06 km²
 •  vatn 42,81 km²
Folketal 11 093  (1. januar 2024)
Målform nynorsk
Ordførar Sølvi Dimmen (Sp)
Kommunenr. 1577
Kart
Volda kommune
62°08′48″N 6°04′05″E / 62.14678°N 6.068°E / 62.14678; 6.068
Wikimedia Commons: Volda
Nettstad: www.volda.kommune.no

Volda er ein kommune i Møre og Romsdal med ca. 11 200 innbyggjarar. I nord- og austleg retning grensar Volda mot Ørsta kommune, i aust mot Stranda kommune, i sørleg retning mot kommunane Stad og Stryn, og i vest mot Vanylven kommune. Volda har sjøgrense mot Ulstein. Mellom Yksnøya i Volda og Eika i Ulstein er det berre 300 meter.

Volda kommune ligg ved Voldsfjorden, med kommunesenteret Volda på austsida og Folkestad på vestsida av fjorden. Voldsfjorden har tre sidearmar; Dalsfjorden med bygdene Velsvik, Lauvstad, Dravlaus, Innselset, Åmelfot, Steinsvik og Dale, Austefjorden med bygdene Hjartåbygda, Fyrde, Kalvatn og Høydal, og Kilsfjorden med bygdene Bjørneset, Straumshamn, Kile og Bjørkedalen. Frå Volda sentrum nordover langs Voldsfjorden ligg Morkabygda og lengst ute på Berkneshalvøya ligg Lid og Berkneset, og på andre sida av Vartdalsfjorden ligg Yksnøya.

I tettstaden Volda finn ein mellom anna Høgskulen i Volda med over 3000 studentar, i tillegg til sjukehus og høgteknologisk industri. Den lokale avisa i kommunen, Avisa Møre, er Noregs eldste lokalavis (1810).

Mork/Ekset er ein «forstad» til Volda og ligg ca. 3 km. vestover frå Volda sentrum, eit steinkast frå Ørsta/Volda lufthamn, Hovden. Noregs første trykkeri på landsbygda, Aarflots prenteverk (1808), låg her. I dag er det eit museum i Aarflotgarden som mellom anna inneheld gamle maskiner frå prenteverket.

Volda ferjeterminal er det einaste attverande ferjesambandet i Volda kommune, og knyter Folkestad på andre sida av Voldsfjorden i tillegg til Lauvstad i Dalsfjorden med Volda sentrum. Ferjeturen til Folkestad tar rundt 12 minutt, medan det går 25 minutt til Lauvstad.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne