Western-musikk

Western-musikk oppstod som ei form for USA-amerikansk folkemusikk. Han vart opphavleg skriven av og om innbyggjarane som slo seg ned og arbeidde i vestlege område av Nord-Amerika. Western var musikalsk direkte knytt til gamle engelske, skotske og irske folkeviser og omhandla livet til cowboyane på dei opne slettene og prærien i det vestlege Nord-Amerika.[1] Den meksikanske musikken i det sørvestlege USA påverka òg utviklinga av denne sjangeren. Western-musikk vart ofte assosiert med country, men det kom berre av at Billboard klassifiserte dei i lag på salslistene deira. For artistar som skreiv og spelte western-musikk, er denne samanhengen som ein undersjanger av country feilaktig. Western-musikk har ikkje noko historisk opphav med musikken som kom frå dei søraustlege delane av USA, som Appalachane, der countrymusikken oppstod.

  1. Lomax, Cowboy Songs and Other Frontier Ballads, Collector's Note: "Out in the wild, far-away places of the big and still unpeopled west—in the caňons along the Rocky Mountains, among the mining camps of Nevada and Montana, and on the remote cattle ranches of Texas, New Mexico, and Arizona—yet survives the Anglo-Saxon ballad spirit that was active in secluded districts in England and Scotland even after the coming of Tennyson and Browning. ... In some such way have been made and preserved the cowboy songs and other frontier ballads contained in this volume."

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne