Abu Dhabi

Abu Dhabi
أبو ظبي
by
Våpenskjold
Land  Dei sameinte arabiske emirata
Emirat Abu Dhabi
Høgd 27 moh.
Areal 972 km²
Folketal 1 570 000 (2023)[1]
Tidssone UAE standard time (UTC+4)
Kart
Abu Dhabi
24°27′04″N 54°23′49″E / 24.451111111111°N 54.396944444444°E / 24.451111111111; 54.396944444444
Wikimedia Commons: Abu Dhabi
Flyfoto av Abu Dhabi på kysten av Persiabukta.

Abu Dhabi (arabisk أبو ظبي‎, romanisert Abū Ẓabī ) er hovudstaden og den nest største byen i Dei sameinte arabiske emirata (etter Dubai), og hovudstaden i emiratet Abu Dhabi, det største av dei sju emirata i landet. Abu Dhabi ligg på ei T-forma øy som stikk ut i Persiabukta frå den sentrale vestkysten. Sjølve byen hadde 1,5 millionar innbyggjarar i 2014.[2]

Abu Dhabi husar statlege departement og er setet for den emiratarabiske regjeringa, heimstaden til emiratfamilien i Abu Dhabi og presidenten i Emirata, som kjem frå denne familien. Den raske utviklinga og urbaniseringa i Abu Dhabi, i tillegg til den relativt høge inntekta til innbyggjarane, har omgjort byen til ein stor og avansert metropol. I dag er byen det politiske og industrielle senteret i byen, og eit stort kultur- og handelssenter. Abu Dhabi står for kring to-tredjedelar av den kring 400 milliardar dollar store økonomien til Dei sameinte arabiske emirata.[3]

Abu Dhabi er den fjerde mest dyraste byen for utanlandske arbeidarar i Midtausten og var i 2014 den 68. mest dyre byen i verda.[4] Fortune og CNN skreiv i 2007 at Abu Dhabi er den rikaste byen i verda og har ein stad mellom 800 og 875 milliardar USD. Sovereign Wealth Fund Institute set dette talet til 773 milliardar US.[5]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://tellusant.com/repo/tb/tellubase_factsheet_are.pdf.
  2. Ahmad, Anwad (4. november 2014). «Ahbu Dhabi population doubles in eight years». Henta 22. juli 2015. 
  3. Gulfnews: Abu Dhabi Economy Grows 5.2 % In 2013, Slower Than Expected Arkivert 2014-09-03 ved Wayback Machine.. www.gulfnews.com (3. juni 2014). Henta 31. juli 2016.
  4. «2014 Cost of living». Mercer. Henta 31. juli 2016. 
  5. Gimbel, Barney (12. mars 2007). «The richest city in the world. (No, it's not Dubai.) - March 19, 2007». Money.cnn.com. Arkivert frå originalen 14. juli 2016. Henta 31. juli 2016. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne