Alunskifer

Alunskifer

Kalkstein på alunskifer
Kjenneteikn
Gruppesedimentær
Identifikasjon
Annagod kløyv i alle retninger, men best i liggeplanet

Alunskifer er ein sedimentær bergart som består av konsoliderte sediment. Alunskifer er lagdelt og har gode kløyveigenskapar i alle retninger, men best i liggeplanet. Han kan delast opp lagvis i milli- til centimetertykke flak. I Norge er alunskifer typisk for den kambrosilurske lagrekkja i Oslofeltet.[1] Bergarten er meir utbreidd i Sverige enn i Noreg.

Alunskifer er ein skifrig og svart leirskifer. Bergarten inneheld kvarts, glimmer, litt feltspat, karbonat, og kismineral. Han inneheld òg mykje svovel og små mengder sølv og vanadium, i tillegg til 10-170 mg/kg uran. Bergarten inneheld òg «stink-kalk», ein svart kalk med høgt organisk innhald.

  1. Statens strålevern (20. januar 2011). «Alunskiferkart kan avdekke radonfare.». Arkivert frå originalen 24. mai 2011. Henta 20. september 2011. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne