Amman | |||
عمّان | |||
by | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
guvernement | Amman guvernement | ||
Koordinatar | 31°56′59″N 35°55′58″E / 31.94972°N 35.93278°E | ||
Areal | 1 680 km² | ||
Folketal | 1 919 000 (2010)[1][2] | ||
• storby | 2 125 000 | ||
Folketettleik | 1 142 / km² | ||
Grunnlagd | 7000 fvt. | ||
• grunnlagd 1 | 1909 | ||
Borgarmeister | Akel Biltaji | ||
Postnummer | 11110-17198 | ||
Retningsnummer | +962(6) | ||
![]() Amman 31°57′00″N 35°56′00″E / 31.95°N 35.933333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Amman | |||
Nettstad: Amman City |
Amman (arabisk عمّان ʿAmmān) er hovudstaden og den største byen i Jordan. Han er det politiske, kulturelle og kommersielle senteret i yben og ein av dei eldste, kontinuerleg busette byane i verda. Stor-Amman har eit folketal på 2 842 629 (2010).[2] Amman har i nyare år hatt ein økonomisk vekst som har vore langt større enn andre arabiske byar utanfor området kring Persiabukta. Amman er òg det administrative senteret i Amman guvernement.
Amman er eit stort turistmål i regionen og er særleg populær blant innbyggjarar rundt Persiabukta.[3]