Anton Eliassen | |||
Fødd | 16. november 1945 Oslo | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | meteorolog | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
Alma mater | Universitetet i Oslo |
Anton Eliassen (fødd 16. november 1945 i Oslo) er ein norsk meteorolog og embetsmann. Han er direktør for Meteorologisk institutt. Han er son av Arnt Eliassen.
Eliassen har utdanning frå Universitetet i Oslo (cand.real. 1970), og har vore professor II i meteorologi same stad.[1]
Det viktigaste forskingsfeltet hans har vore grenseoverskridande luftforureining, og på dette har han vore blant dei fremste i verda. På 1970- og 1980-talet stod han sentralt når det galdt å utvikle metodar for å rekne ut tilhøvet mellom ulike typar utslepp av forureining (sur nedbør, overgjødsling, fotokjemiske oksidantar, tungmetall) og kva for økosystem som seinare mottek desse. Ut frå dette lèt det seg gjere å fastslå kor mykje land A bidreg til forureininga i land B («skuldmatriser»). Dette har vore og er viktig i arbeidet med å forhandle fram internasjonale miljøavtalar.
Frå 1972 var Eliassen forskar ved Norsk institutt for luftforsking. Han har likevel hovuddelen av yrkeskarrieren sin frå Meteorologisk institutt, der han byrja i 1978. Han var då leiar for eit delprosjekt under SN sitt EMEP-prosjekt (European Monitoring and Evaluation Programme), som igjen er ein del av Konvensjonen om langtransporterte, grenseoverskridande luftforureiningar (LRTAP). På dette fagfeltet har Eliassen stått sentralt internasjonalt, først som forskar, og seinare i det administrative virket sitt. I tillegg til dei faktiske utrekningane har han delteke i arbeidet med å fastsetje praktiske miljømål og utvikle metodar for å finne kostnadseffektive tiltak for å nå desse måla. Dei seinare åra har ein gått over frå eit system der alle land kuttar prosentvis like mykje, til eit meir kost-nytte-basert system. Dette har kravd ytterlegare utvikling av skuldmatrise-utrekningane.
Eliassen har vore ein sterk brubyggar mellom forsking og miljøpolitikk. Han har vore mykje engasjert i internasjonalt samarbeid, særleg med faglege og politiske styresmakter i Sovjetunionen/Russland. Han har vore fagleg rådgjevar i internasjonale miljøpolitiske forhandlingar i fleire tiår. Då Langtransportkonvensjonen fylte 25 år i 2004, vart det gjennomført ei større evaluering av det internasjonale arbeidet med luftforureiningar. Evalueringa vart leia av Eliassen. Han har òg leia tilsvarande vurderingar i USA og Canada.
I 1989 vart Eliassen vald inn i Global 500 Award Roll, ein heider under SN sitt miljøprogram (UNEP).[2][3] Han er ein av to norske på denne lista.[4]
Ved Meteorologisk institutt har Eliassen innehatt fleire sentrale stillingar: forskingssjef, meteorologidirektør, assisterande direktør og frå april 2000 direktør.
Frå 1998 var han president for Verdas meteorologiorganisasjon sin kommisjon for atmosfæreforsking, eit verv han hadde ut 2006.[5] Frå 2003 er han president for European Centre for Medium Range Weather Forecasts (ECMWF), ein mellomstatleg organisasjon som arbeider med å utvikle modellar for mellomlange vêrvarsel (3-10 døgn). Frå 2003 er han òg president for ECOMET, som representerer dei offentlege meteorologiske institutta i Europa overfor den kommersielle vêrbransjen. Eliassen har i dette verva gått inn for å gjere meteorologiske grunndata lettare tilgjengeleg (både praktisk og økonomisk) for alle interesserte. Meteorologisk institutt er no leiande i å gjennomføre ein slik politikk, og frå 1. september 2007 vart alle norske vêrdata frå instituttet gjort gratis.
I 2006 vart Eliassen utnemnd til riddar 1. klasse av St. Olavs Orden.[6]