Ascension | |||
oversjøisk territorium | |||
|
|||
Nasjonalsong: God Save the King | |||
Land | Mal:Landdata realm of the United Kingdom | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Georgetown | ||
Areal | 88 km² | ||
Folketal | 806 (februar 2016) | ||
Språk | engelsk | ||
Tidssone | GMT | ||
Retningsnummer | +247 | ||
Domene | .ac | ||
![]() Ascension 7°57′S 14°21′W / 7.95°S 14.35°W | |||
Wikimedia Commons: Ascension Island |
Ascension (engelsk Oppstigning, himmelfart) er eit britisk oversjøisk territorium i det sørlege Atlanterhavet. Øya ligg sør for ekvator på 7. breiddegrad, ca 1600 km aust for kysten av Afrika og 2250 km vest for kysten av Brasil. Tidlegare låg øya under det britiske territoriet St. Helena, men frå og med 2009 er det del av eininga St. Helena, Ascension og Tristan da Cunha, der dei tre britiske øyane har jamstilt makt. Georgetown er både hovudstad og største byen på øya. Ifylgje Store Norske leksikon budde det 560 menneske i Georgetown i 2003. Den vesle Boatswain Bird Island som ligg 270 meter aust for Ascension, høyrer også med til territoriet. Denne øya er folketom, men husar store mengder sjøfugl.[1]