Basra | |||
البصرة | |||
by | |||
Basra
| |||
Kallenamn: Austens Venezia[1] | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Basra guvernement | ||
Høgd | 5 moh. | ||
Areal | 50−75 km² [2] | ||
• storbyområde | 181 km² | ||
Folketal | 2 150 000 (2017) | ||
• storby | 2 850 000 | ||
Grunnlagd | 636 evt. | ||
Tidssone | +3 GMT | ||
Retningsnummer | (+964) 40 | ||
![]() Basra 30°30′54″N 47°48′36″E / 30.515°N 47.81°E | |||
Wikimedia Commons: Basra | |||
Nettstad: http://www.basra.gov.iq/ |
Basra (arabisk البصرة, al-Baṣrah) er ein by i Irak i Shatt al-Arab mellom Kuwait og Iran. I 2012 hadde byen kring 1,5 millionar innbyggjarar.[2] Basra er den viktigaste hamnebyen i Irak, sjølv om han ikkje har ei djupvasshamn, som Umm Qasr har.
Byen er ein del av den historiske staden Sumer, ein av hamnebyane som Sinbad sjøfararen vitja. Han spelte ei viktig rolle i tidleg islamsk historie og vart bygt i 636 evt. Basra er ofte ein av dei varmaste byane i Irak, og om sommaren går temperaturen ofte over 50 °C. I april 2017 anerkjende det irakiske parlamentet Basra som det økonomiske senteret i Irak.[3]