Birgitte Grimstad | |||
Fødd | 15. desember 1935 (89 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | København | ||
Opphav | Noreg | ||
Aktiv | 1966– | ||
Instrument | vokal | ||
Verka som | songar, komponist, plateartist | ||
Far | Aksel Schiøtz | ||
Gift med | Per Øystein Grimstad | ||
Prisar | Spellemannprisen i visesang |
Birgitte Grimstad (fødd 15. desember 1935) er ein dansk-norsk visesongar fødd i København.
Grimstad er dotter av den danske songaren Aksel Schiøtz. Ho hat teaterutdanning frå USA, og har budd i Oslo sidan 1959. Ho jobba mange år i NRK, blant anna med barne-TV. Ho har ei omfattande konsertkarriere i Noreg og Danmark, men òg elles i Europa og USA. Saman med Åse Kleveland, Lars Klevstrand og Lillebjørn Nilsen var ho med i visegruppa Ballade!, som hadde eit repertoar som omfatta både mellomalderballadar, folkeviser, protestviser og kyrkjemusikk.
I dei siste åra har ho arbeidd med teater og musikk både på Den Norske Opera, Det Norske Teatret, Seniorteateret, og med eigne soloførestillingar i friteateret Lille Vindharpe og med eventyra til H.C. Andersen.
Birgitte Grimstad har òg arbeidd som stemmepedagog.