Buzkashi (frå persisk buz-kašī som tyder 'geitedraging')[1] er ein idrett frå Sentral-Asia der spelarar til hest tevlar om å få kontroll over kroppen til ei geit eller ein kalv. Det er rekna som ein nasjonalsport i Afghanistan.
Spelet er kjend under fleire ulike namn, som kirgisisk ulak tartiş' (улак-тартыш), kasakhisk kokpar (кокпар) og tyrkisk kökbörü[2] eller gökbörü. Det kan førast tilbake til dei nomadiske forfedrane til sentralasiatane, som var dyktige ryttarar. Mongolar skal til dømes ha kunna stela husdyr frå fiendar i fart, utan å gå av hesten. Ei soge om opphavet til buzkashi er at sporten oppstod som ei trening for å motstå slike raid.[3]
Buzkashi kan ha fleire ulike former og reglar. Det finst to hovudformer som er kjende som tudabarai og qarajai. Tudabarai er ei enklare form der målet med spelet er å plukka opp kalven frå ein runding og få han med seg vekk medan ein held seg klar av dei andre spelarane. Qarajai går ut på å ta med seg kalven rundt eit mål på ei side av banen og tilbake til laget sitt skåringsområde.[4]