Daudehavet hebraisk ים המלח, arabisk البحر الميت | |||
innsjø | |||
Land | ![]() ![]() | ||
---|---|---|---|
Del av | Jordandalen, grensa mellom Israel og Jordan, Jordan-Palestine border, West Bank–Israel border | ||
Tilsig | Jordanelva | ||
Utløp | ingen | ||
Nedslagsfelt | 41 650 km² | ||
Høgd | 427 muh. | ||
Koordinatar | 31°30′N 35°30′E / 31.500°N 35.500°E | ||
Lengd | 50 km [1] | ||
Areal | 600 km² | ||
Volum | 114 km³ | ||
Kystlengd1 | 135 km | ||
Innsjøtype | Endorheisk hypersalt | ||
![]() Daudehavet 31°31′15″N 35°29′04″E / 31.5207°N 35.4845°E | |||
Wikimedia Commons: Dead Sea | |||
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. |
Daudehavet er ein salt innsjø som ligg i Jordandalen ved utlaupet av Jordanelva med om lag like store delar i Israel og Jordan. Daudehavet er kjent for sitt salthaldige vatn og som det lågaste naturlege overflatepunktet på jorda. Daudehavet er 306 meter djupt og den djupaste hypersalte innsjøen i verda. Med eit saltinnhald på 34,2 % (i 2011), er han òg ein av dei saltaste sjøane i verda. Han er 9,6 gonger saltare enn havet.[3] Det høge saltinnhaldet gjer at det ikkje lever dyr i sjøen, og dette har gjeve opphavet til namnet. Daudehavet er 50 km lang og 15 km breitt på det breiaste.[1] Overflata ligg i dag om lag 427 muh.,[4] mens den historiske normalen er 395 muh.
Daudehavet har tiltrekt seg turistar i tusenvis av år. I Bibelen søkte kong David tilflukt her. Det var òg ein av dei første kurbadstadane (for Herodes den store), og fleire produkt er henta frå området, som salvar for egyptisk mumifisering til kalium for gjødsling. Folk har òg nytta salt og mineral frå Daudehavet til å lage kosmetikk og urteposar.
Sjøvatnet i Daudehavet har ein tettleik på 1,240 kg/l, slik at ein flyt særs lett.[5][6]