Den siste istida på jorda var ein periode på hundre tusen år for om lag 110 000 til 10 000 år sidan, i den geologiske perioden som vert kalla pleistocen.[1] I denne perioden flytta isen seg att og fram fleire gonger. Siste glasiale maksimum, den største utstrekkinga til isbreane før dei trekte seg attende, var for om lag 18 000 år sidan.