Det bangladeshiske flagget

Det bangladeshiske flagget. Proporsjonar: 3:5
Proporsjonar for det bangladeshiske flagget.

Det bangladeshiske flagget er danna av ei raud skive på grøn bakgrunn. Det raude symboliserer blodet som blei spilla under frigjeringskrigen til Bangladesh, eller ei gryande sol. Det grøne representerer det frodige landet. Flagget blei offisielt godkjent 17. januar 1972, og er basert på eit liknande flagg som blei brukt under den bangladeshiske frigjeringskrigen.[1][2]

Flagget minner om det japanske flagget, som har tilsvarande oppbygning med kvit bakgrunn i staden for grøn.

  1. Flag of Bangladesh Arkivert 23. mai 2006 på Wayback Machine. Arkivert 23. mai 2006 ved Wayback Machine., Flags of the World.
  2. Lonely Planet: Bangladesh, 4.utg., Lonely Planet Publications (desember 2000), ISBN 0-86442-667-4.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne