Eurovision Song Contest 2010
|
Share the Moment
|
|
|
Offisiell tittel 55. Eurovision Song Contest |
|
Dato
|
Semifinale 1 |
25. mai 2010
|
Semifinale 2 |
27. mai 2010
|
Finalen |
29. mai 2010
|
Vertskap
|
|
|
|
Varigskap
|
Opningsnummer
|
Finalen |
«Fairytale» av Alexander Rybak
|
Pausenummer
|
Semifinale 1 |
Film om menneskelege lydar
|
Semifinale 2 |
Korleis ein gut kom seg til konsertarenaen, og breakdance
|
Finalen |
«Glow» av Madcon med førehandsinnspelte klipp av dansande flash mobar frå ulike stader i Europa
|
Bidrag
|
Antal bidrag 39 land. 25 i finalen. 17 i kvar av dei to semifinalane. |
|
|
|
|
Kart
|
ESC 2010 Map.svg
|
██ Land som deltok i tevlinga
██ Land som ikkje kvalifiserte seg til finalen
██ Land som ikkje deltok i tevlinga
|
|
Røysting
|
|
Eurovision Song Contest
|
|
Eurovision Song Contest 2010 (ESC 2010), offisielt 55. Eurovision Song Contest, var den 55. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Telenor Arena i Bærum i Noreg. Den fyrste semifinalen fann stad tysdag 25. mai 2010, den andre semifinalen fann stad torsdag 27. mai 2010 og finalen fann stad laurdag 29. mai 2010. Tyskland vann tevlinga med songen «Satellite», sungen av Lena.
Under finalen i Eurovision Song Contest 2009 vart det igjen brukt nasjonale fagjuryar i tillegg til telefonrøysting, der røystene til fagjuryane og telefonrøystene i utgangspunktet skulle telje like mykje. Frå og med 2010 skulle dette systemet òg takast i bruk under semifinalane. Totalt 39 land deltok i tevlinga: Georgia kom attende etter ikkje å ha delteke i 2009, medan Andorra, Tsjekkia, Ungarn og Montenegro trekte seg. Litauen kunngjorde fyrst at dei ikkje kom til å delteke, men stod seinare på lista over stadfesta deltakarland kunngjort av Den europeiske kringkastingsunionen (EBU).