Fiskeoppdrett

LakseoppdrettFinnmarkskysten.

Fiskeoppdrett er ei primærnæring og ein akvakultur, kor ein drettar opp fisk i industriell skala. I oppdrett av laks er det vanleg at fisken står i merdar som flyt i sjøen. Yngelen vert klekt ut i klekkeri og set ut i merdane når han har nådd høveleg storleik. Noko yngel vert òg sett ut i bekkar og innsjø, med tanke på sportsfiske. Dei siste tiåra har fiskeoppdrett, særleg av laks, utvikla seg til ei viktig næringsveg på norskekysten. Kina er verdas største opprettsnasjon. Der er det i hovudsak ulike karpetypar som blir dretta opp i dammar.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne