Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
Helsingfors Helsinki | |||
by | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Areal | 214,42 km² | ||
Folketal | 686 595 (30. mars 2025)[1] | ||
![]() Helsingfors 60°10′15″N 24°56′15″E / 60.170833333333°N 24.9375°E | |||
Wikimedia Commons: Helsinki |
Helsingfors (finsk Helsinki, ⓘ, svensk ⓘ, nordsamisk Helsset ) er hovudstaden i Finland. Han ligg i Södra Finlands län ved Finskebukta. Helsingfors har om lag 680 000 innbyggjarar. Helsingfors er ein del av Helsingforsregionen, der det bur til saman om lag ein million menneske.
Sentrum i Helsingfors fungerer som sentrum for både staten og hovudstadsregionen. Nabobyane Esbo og Vanda har ikkje eigentleg eigne sentrum, busetnaden grupperer seg rundt sentrum av Helsingfors, ikkje rundt Esbo sentrum eller det administrative sentrumet i Vanda, Dickursby. Rundt Helsingfors er det fleire drabantbysentrum, viktige er Östra Centrum, Malm, og Hagalund, Alberga, Esbo centrum, Mattby-Olars i Esbo, og Dickursby og Myrbacka i Vanda.