Hindi हिन्दी hindī | ||
Klassifisering | Indoeuropeisk indoiransk indoarisk hindi | |
Bruk | ||
Tala i | Hovudsakleg India | |
Område | Nord-India og fleire område i resten av verda | |
Hinditalande i alt | 480 millionar | |
Rangering | 6 | |
Skriftsystem | Devanagari | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | India | |
Normert av | Fleire, sjå tekst | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | hi | |
ISO 639-2 | hin | |
ISO 639-3 | hin |
Hindi (devanagari हिन्दी hindī) er eit indoarisk språk som vert snakka som morsmål eller som primært hjelpespråk over store delar av det nordlege og sentrale India, av bortimot 800 millionar menneske. Hindi har hovudbase i dei mellom-indoariske prakritspråka i mellomalderen og dermed òg frå sanskrit. På grunn av den sterke påverknaden frå islam i det nordlege India er det òg mange persiske, arabiske og tyrkiske lånord. Hovudkjelde for lærde uttrykk og nydanna ord er sanskrit.