Kuseife

Kuseife
כְּסֵיפָה, كسيفة
lokal kommune
Land  Israel
Distrikt Det sørlege distriktet
Koordinatar 31°14′43″N 35°05′34″E / 31.24528°N 35.09278°E / 31.24528; 35.09278
Areal 13,692 km²
Folketal 17 400  (2010)[1]
Folketettleik 1 271 / km²
Grunnlagd 1982
Borgarmeister Salem Abu Ravieh[2]
Kart
Kuseife
31°14′43″N 35°05′34″E / 31.245277777778°N 35.092777777778°E / 31.245277777778; 35.092777777778
Kart som viser Kuseife.
Kart som viser Kuseife.
Kart som viser Kuseife.
Wikimedia Commons: Kseifa

Kuseife (hebraisk skrift כְּסֵיפָה, Kseifa; arabisk كسيفة) er ein beduinby (lokal kommune) i Det sørlege distriktet i Israel. Kuseife vart grunnlagd i 1982 so ein del av eit statleg prosjekt for å få permanente bustader til beduinane. I 1996 fekk staden status som lokal kommune.

Han er ein av sju beduinkommunar i Negevørkenen med godkjende planar og utvikla infrastruktur. Dei seks andre er Hura, Lakiya, Ar'arat an-Naqab (Ar'ara BaNegev), Shaqib al-Salam (Segev Shalom), Tel as-Sabi (Tel-Sheva) og byen Rahat, den største av dei.[3]

Medlemmar av fleire beduinfamiliar bur i Kuseife: Abu Ajaj, Elamor, el-Zabarka, el-Nasasra, den største av dei Abu-Rabia. Andre familiar er Azbarga, El-Dada, Abu Juda og Abu Anam.

I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå (CBS) var folketalet i Kuseife 17 400 i desember 2010[1].

  1. 1,0 1,1 «Statistical abstract of Israel 2011. POPULATION AND DENSITY PER SQ. KM. IN LOCALITIES NUMBERING 5 000 RESIDENTS AND MORE ON 31 XII 2010(1)» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. Arkivert frå originalen (PDF) 5. april 2016. Henta 5. september 2015. 
  2. PM Netanyahu meets with Negev beduin mayors MFA, November 3, 2011
  3. Staten Israel. Ministry of Justice, Ministry of Foreign Affairs. List of Issues to be taken up in Connection with the Consideration of Israel's Fourth and Fifth Periodic Reports of Israel (CEDAW/C/ISR/4 and CEDAW/C/ISR/5)

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne