Latin

Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Latin».
Latin
Lingua Latina
Klassifisering Indo-europeisk
 Italisk
  Latin
Bruk
Tala i Romarriket
Område Romarriket
Latintalande i alt Utdøydd
Skriftsystem Latinsk
Offisiell status
Offisielt språk i Vatikanet
Normert av ingen
Språkkodar
ISO 639-1 lat
ISO 639-2 lat
ISO 639-3 lat

Latin er eit klassisk mål på den italiske greina av indoeuropeisk. Opphavleg vart latin tala av latinarane, eit bonde- og gjætarfolk i området Latium, der Roma vart den førande byen. Med nye landvinningar breidde latinen seg utover Italia, og sidan til mange av områda kring Middelhavet. Dei eldre måla der vart trengde ut, og latin utvikla seg til dei romanske måla av i dag. Etter at Romarriket braut saman, var latin gjennom heile mellomalderen og langt fram i nyare tid lingua franca for dei lærde i Vest-Europa; som tradisjonsmål for Den katolske kyrkja er det framleis offisielt mål i Vatikanstaten. I nyare tid har latin - saman med gresk - vorte nytta til nylaga ord innan vitskap.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne