Maltesisk

Maltesisk
Malti
Klassifisering Afroasiatisk
 Semittisk
  Sentralsemittisk
   Maltesisk
Bruk
Tala i  Malta
Område Malta
Maltesisktalande i alt 500 000 [1]
Skriftsystem Det latinske alfabetet
Offisiell status
Offisielt språk i  Malta
 EU
Normert av -
Språkkodar
ISO 639-1 mt
ISO 639-2 mlt
ISO 639-3 mlt
Wikipedia på maltesisk

Maltesisk (maltesisk Malti) er offisielt språk på Malta, og offisielt språk i EU. Det er ein tidlegare arabisk dialekt, men i løpet av historia si har det teke opp mange lånord og fonologiske trekk frå sørlege italienske dialektar, særleg frå siciliansk, og frå engelsk. Maltesisk er det einaste semittiske språket som har eit skriftspråk skrive med det latinske alfabetet som standard.

Maltesisk fekk status som offisielt språk på Malta i 1936, attmed engelsk. Før det var det offisielle språket på øya italiensk.

Det eldste dokumentet på maltesisk er «Il Cantilena», eit dikt frå 1400-talet.[2]

  1. Ca. 400 000 talarar på Malta og 100 000 i andre land som Australia, USA, Canada, Italia og Storbritannia, i følgje BBC 2013.
  2. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet BBC

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne