Melodi Grand Prix

Melodi Grand Prix

AliasMGP
OpphavNorsk rikskringkasting, Noreg
Aktiv1960
SjangerSlager, pop, rock

Melodi Grand Prix er ei årleg, norsk musikktevling som blir arrangert av Norsk rikskringkasting. I tevlinga deltar eit utval nye songar, og vinnaren får representere Noreg i Eurovision Song Contest. Melodi Grand Prix er eit av dei eldste tv-programma i Noreg, og den første utgåva blei halden i 1960. Sidan har tevlinga blitt arrangert kvart år, med tre unntak: I 1970, då NRK boikotta Eurovision Song Contest; i 1991, då NRK avlyste tevlinga; og i 2002, då Noreg ikkje var kvalifisert til Eurovision Song Contest. Melodi Grand Prix, forkorta MGP, er det offisielle namnet på den norske konkurransen, men på folkemunne nyttast «Melodi Grand Prix», eller berre «Grand Prix», ofte om Eurovision Song Contest også.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne