Melodi Grand Prix 1960 var den første utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. Finalen blei send på radio og fjernsyn frå Store Studio 20. februar 1960, eit halvt år før den offisielle opninga av fjernsynet i Noreg.[1] Konkurransen blei arrangert av NRK, og vinnaren fekk representere Noreg i den internasjonale finalen i London. Vinnaren av konkurransen blei songen «Voi Voi», sungen av Nora Brockstedt og skriven av Georg Elgaaen. I den internasjonale finalen kom «Voi Voi» på ein delt 4. plass med 11 røyster, Noregs beste plassering fram til 1966.