Moskva Москва | |||
hovudstad | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Høgd | 156 m | ||
Areal | 2 562 km² | ||
Type | Føderal by | ||
Folketal | 13 274 285 (1. januar 2025) | ||
Grunnlagd | 1147 | ||
Tidssone | MSK (UTC+3) | ||
• Sommartid | MSD (UTC+4) | ||
Postnummer | 101xxx–129xxx | ||
Retningsnummer | (+7)495, (+7)499 | ||
Bilnummer | 77, 97, 99, 177, 199 | ||
![]() Moskva 55°45′02″N 37°37′03″E / 55.750555555556°N 37.6175°E | |||
Wikimedia Commons: Moscow |
Moskva (russisk Москва́) er hovudstaden og den største byen i Russland. Byen er òg den største byen i Europa og storbyområdet til Moskva er av dei største i heile verda. Moskva er det politiske, økonomiske, religiøse og finansielle senteret i landet, og i tillegg eit utdannings- og transportsenter. Byen ligg ved elva Moskva i Det sentrale føderasjonsdistriktet i den europeiske delen av Russland. I 2021 talde ein 12,5 millionar innbyggjarar i byen Moskva.
Moskva er eit føderalt subjekt i Den russiske føderasjonen og er òg administrasjonssenter for Moskva oblast.
Gjennom historia har Moskva vore hovudstad i Sovjetunionen, Storfyrstedømet Moskva og Det russiske tsardømet, og i statar før Det russiske riket oppstod. Her ligg Den raude plassen, som er sentrum av Moskva og utgangspunkt for dei breie gatene som går ut i alle retningar. Ved Den raude plassen ligg Kreml, som er bustaden til presidenten av Russland.
Moskva er eit stort økonomisk senter og den byen med flest milliardærar i verda[1] og i 2007 vart Moskva erklært den dyraste byen i verda for utanlandske tilsette.[2] Her ligg mange vitskaps- og utdanningsinstitusjonar, og mange sportsfasilitetar. Moskva har eit omfattande transportsystem, som inkluderer eit av dei travlaste metrosystema i verda, kjend for sin arkitektur og sine kunstverk.