Namsen | |||
elv | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Trøndelag | ||
Kommune | Røyrvik, Namsskogan, Grong, Overhalla, Namsos | ||
Nedslagsfelt | 6 274,3 km² | ||
Sideelvar | Bjøra, Sanddøla, Neselva, Tunnsjøelva, Lindseta, Tromsa, Flåttådalselva, Meosen, Frøyningselva | ||
Lengd | 230,0 km | ||
Middelvassføring | 304,50 m³/s | ||
Kjelde | Namsvatnet | ||
• høgd | 455 moh. | ||
Munning | Namsfjorden ved Namsos | ||
• høgd | 0 moh. | ||
Namsen 64°27′28″N 11°30′33″E / 64.45777778°N 11.50916667°E | |||
Wikimedia Commons: Namsen |
Namsen (sørsamisk Nååmesje) er ei elv i Trøndelag fylke, om lag 200 km lang og med drygt 6000 kvadratkilometer nedbørsfelt. Ho startar i Store Namsvatnet, Røyrvik kommune, og munnar ut ved byen Namsos. Viktige elvar som renn ut i Namsen er Bjøra og Sandøla.
Eit eldre sørsamisk namn på Namsen er Lakə̑s(ə̑), Mikko Korhonen ser dette som eit sørsamisk lån frå urgermansk *laguz, forma tilsvarar gamalnorsk lǫgr og moderne lågen.[1]
Undervegs gjennom Namdalen er elva regulert med fleire dammar, mellom anna ved utløpet av Namsvatnet og i kommunen Grong (Åsmulfoss, Aunfoss, Øvre og Nedre Fiskumfoss).
Av fiskeslag finn ein aure og laks, samt laksearten namsblank. Det er observert ørekyte i Namsvatn og ein fryktar konskvensene for laks- og aurefisket når denne spreier seg nedover vassdraget. Elva vert rekna som ein av dei beste lakseelvane i Noreg og årleg kjem mange fiskarar frå heile Europa for å fiske. Særleg kjem folk frå Sverige, Danmark og Tyskland for å delta i det årlege fisket som vert rekna for å gje mellom 20 og 35 tonn. I løpet av sesongen vert Grong laksefestival arrangert. I Harran, ved Fiskumfoss, finn ein Norsk Lakseakvarium.
I 1959 gjekk to store leirras i det nedre løpet av elva, i kommunen Overhalla; ein million m³ ved Vibstad, den 22. februar, og 3 million m³ ved Furre, den 14. april.
Isproppar og flaumar den 31. januar 2006 gav den største flaumen sidan NVE starta flaummåling i området for 90 år sidan. I løpet av tre døgn fall det 150-300 mm nedbør som regn over området og snøsmeltinga medverka med 10-50 mm.