Qamishli

Qamishli
قامشلي
by
Land  Syria
Guvernement Al Hasakah
Distrikt Qamishli
Koordinatar 37°03′N 41°13′E / 37.050°N 41.217°E / 37.050; 41.217
Folketal 184 231  (2004)
Tidssone EET (UTC+2)
Retningsnummer 52
Kart
Qamishli
37°03′00″N 41°13′00″E / 37.05°N 41.216666666667°E / 37.05; 41.216666666667
Kart som viser Qamishli.
Kart som viser Qamishli.
Kart som viser Qamishli.
Wikimedia Commons: Qamishli

Qamishli (arabisk قامشلي, Qāmišlī, kurdisk Qamişlo, assyrisk ܩܡܫܠܐ, Qamišlo eller ܒܝܬ ܙܐܠܝ̈ܢ, Beṯ Zālin) òg skrive Qamishly, Kamishli eller Kamishly, er ein by nordaust i Syria ved grensa til Tyrkia, tilstøytande til den tyrkiske byen Nusaybin, og ikkje langt frå Irak. Han er ein del av Al-Hasakah guvernement, og er det administrative senteret i Qamishli-distriktet. Ifølgje folketeljinga frå 2004 hadde Qamishli 184 231 innbyggjarar.[1] Qamishli-distriktet omfattar 92 busetnader, og har eit samla folketal på 232 095.

Qamishli ligg ved foten av Taurusfjella, 680 km nordaust for Damaskus.[2] Under Rojavakonflikten, ein del av den syriske borgarkrigen som braut ut i 2011, blei Qamishli hovudstaden i den sjølverklærte sjølvstyrande regionen Syrisk Kurdistan eller Rojava.[3][4]

  1. 2004 Census Data for Nahiya Qamishli Arkivert 2016-07-17 ved Archive.is (arabisk). Syrian Central Bureau of Statistics. Henta 15. oktober 2015. Also available in English: UN OCHA. 2004 Census Data. Humanitarian Data Exchange. Henta 4. desember 2015
  2. Zurutuza, Carlos. «Syria's first Kurdish-language newspaper.» (Archive) Al Jazeera. 18. oktober 2013. Henta on 22. oktober 2013.
  3. «A Dream of Secular Utopia in ISIS’ Backyard». New York Times. 29. november 2015. Henta 10. mai 2016. 
  4. «Syrian Kurds declare Qamishli as capital for the new federal system». ARA news. 5. juli 2016. Arkivert frå originalen 8. juli 2016. Henta 5. juli 2016. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne