Sharm el-Sheikh

Sharm el-Sheikh
Utsyn imot Raudehavet og Tiran øy, frå Sheraton Sharm hotel.
Utsyn imot Raudehavet og Tiran øy, frå Sheraton Sharm hotel.
Utsyn imot Raudehavet og Tiran øy, frå Sheraton Sharm hotel.
Kallenamn
«Fredens by»
Styresmakter
Land Egypt
Guvernør
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

28 000
Koordinatar 27°51′N 34°16′E / 27.850°N 34.267°E / 27.850; 34.267
Diverse anna
Hotellområde i Sharm el-Sheikh

Sharm el-Sheikh (شرم الشيخ), ofte omtala som «Sharm», er ein by på sørspissen av Sinaihalvøya i Egypt, på kyststripa mellom Raudehavet og Sinaifjellet. Byen ligg om lag fire timars køyring frå Ismaïlia og tre timars køyring frå den egyptiske byen Taba. 7,5 km aust for Sharm ligg Naama bay, som er «turistbyen» der mange av hotella er lokaliserte.

Ras Mohammed (Mohammeds hovud) på den sørlege spissen av halvøya er ein nasjonalpark for å verne om landskapet og det unike dyrelivet. Korallreva her er spesielt flotte og kan berre samanliknast med korallreva i Tiranstredet, som ligg ved inngangen til Akababukta.

Dei siste åra har det vorte bygd ei rekke luksushotell for turistar i Sharm, særleg langs Raudehavet. Egypt satsar stort på å byggje ut desse turistområda, og ein ser nybygg dei fleste stadene langs kysten.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne