Sukker er ein type karbohydrat som gjev menneske og mange andre dyr ein søt smak om dei et dei. Dei er energirike, ofte lett nedbrytbare i kroppen, og er eit viktig drivstoff i livsprosessane. I daglegtale vert ordet «sukker» for det meste brukt om sukrose, bordsukker.