Facebook er eit nettsamfunn. Det vart opphavleg laga for universitetsstudentar og fakultet i USA, men har sidan spreidd seg til å femne om vener, skular og geografiske område. Nettsamfunnet har over 2850 millionar månadlege brukarar på verdsbasis. Brukarane lagar ein profil som inneheld personleg informasjon, bilete og interesser. Deretter kan dei opprette relasjonar til andre brukarar, utveksle private og offentlege meldingar og melde seg inn i ulike typar grupper. Sida er gratis å bruke.